Lustraløpet nr 40. vert arrangert 25. mai (2. pinsedag) 2026.

Lustraløpet er eit landevegsløp på asfalt over 10 km, med start på Neshøgdi og mål ved Luster oppvekstsenter.

Påmelding vil vera mogleg fra 1. mai og fram til løpsdagen. 

Påmelding og tidtaking vert med systemet EQ timing.
Meir informasjon om påmelding kjem etterkvart. 

Påmeldingsavgift aktiv klasse: kr. 250,-+ ev. lisens om du ikkje har heilårslisens. Me kjem til å legge på startavgifta noko siste tida før løpet og på løpsdagen. 

Start aktiv klasse 14:15

  • Startnr. nå hentast på Nes/ved start seinast 13:45
  • Løypa er kontrollmålt av Kondis. 
  • Det blir sett opp gratis buss i skytteltrafikk mellom Luster og Nes. Men pga. sommartrafikk osv. vil det vera ein fordel om flest mogleg av dykk aktive har ordna eigen skyss til start og tilbake til start etter premieutdelinga. Men me køyrer bussen så ofte me kan, og skal bidra med privatbilar ved behov. 
  • Klasseinndeling: Kvinner/menn: 13, 14, 15, 16, 17, 18-19, 20-22, 23-34, fem års klassar vidare. ( for å delta på Lustraløpet, 10 K, må du ha fylt eller fylle 13 år i løpsåret. Dvs i år- væra født i 2013 eller tidlegare) 
  • Garderober med dusj er tilgjengeleg i målområdet. 

Premiering. 

  • Top tre i alle klassar får premie
  • Pengepremie spurtpris( etter ca. 2 km/Ungdomshus) kr. 1000,- M/K
  • Pengepremie bestetid uansett klasse kr,- 1000,- M/K
  • Pengepremie Løyperekord kr. 5000,- M/K


Trimklasse

  • For deg som ikkje vil springa på tid, men som berre vil ha ein trimtur, gå med familien, nyte vakker natur, treffe folk i løypa, bli underholdt av skulemusikk, treffe på samarbeidspartnarar langs løypa og i mål, vera sosial, de kan delta i trimklassen
  • Trimklasse start frå 11.00 til 13:30
  • Påmeldingsavgift trimklasse kr. 150,-
  • Påmeldingsavgift trimklasse familie kr. 300,- ( familie = føresette med born under 18 år) 
  • Alle som deltek uansett klasse vil få gratis betasuppe med flatbrød og saft når de kjem i mål. 
  • Ellers er det kiosk med sal av is, brus, lappar, betasuppe, saft, pølse i brød, osv. 
  • Lustraløpet er  kjent for sin naturvakre omgjevnad og flotte premiar laga av lokale produsentar/kunstnarar.
  • Lustraløpet har vore arrangert kvart einaste år sidan 1986, og 25.mai vert løpet arrangert for 40. gong. Det vert lagt ned ein massiv frivillig innsats blant medlemmer og innbyggjarar i Luster for å få til eit vellukka arrangement år etter år. Utan denne dugnaden hadde det ikkje vore mogleg å få til.


Lustraløpet, deltakaroversyn 1987-2025

Skal du ha langtidspremie i år?

  • Søk etter namnet ditt i tabellen under og sjå kor mange gonger du har delteke i Lustraløpet (til og med 2025)
  • Kanskje det er du som skal ha langtidspremie i år? (om du har 4, 9, 14, 19, 24, 29, 34 eller 39 tal år til no)

Det er langtidspremiering på 5, 10, 15, 20, 25, 30, 35 og 40 år